| |
Strikkeminne
På strikkekafeane oppfordrar vi deltakarane til å ta med strikk dei har som vekkjer spesielle minne, vise dei og fortelle om dei. Dette kan vera strikketøy som kallar fram både varme, vemodige eller komiske minne. Plagga kan vera vakre eller kunstferdige, dei kan vera bøtte og utslitne, eller en kan ta fram det mislykka strikketøyet som aldri vart ferdig. Desse handarbeida og sogene rundt dei blir samla til utstillinga Strikkeminne, som opnar på museet 1. september 2007.
|