Spøt-midt-i-veka
Ein onsdag kvar månad er det strikkekafé på museet. Kafeen er ein uformell møtestad både for dei som kan strikka, og for dei som vil læra det. Her kan ein utveksla oppskrifter og erfaringar, og her kan ein læra hæl- og tåfelling eller ulike strikketeknikkar, om ein ynskjer det. Kvar kveld har vi dessutan eit føredrag eller ein annan programpost.
Som seg hør og bør, har vi og kaffi, hellekaker - og sjølvsagt utlodding! Deltakarane er i alle aldrar. Dei fleste er kvinner, men av og til stikk det også innom gutar og menn.
Strikkekafé våren 2007: 21. februar, 28. mars og 25. april.
|