| |
Hordamuseet
Prosjektet Strikk7 er ei av dei viktigaste satsingane for Hordamuseet i 2007,
med ei stor kulturhistorisk utstilling, publikumsprogram, undervisingsopplegg
og andre tilbod. Hordamuseet fokuserar på det folkelege og kvardagslege aspektet
ved strikking, i første rekkje heimestrikk og heimespøta plagg, med hovudvekt
på vår nære historie, 1900-talet. Det er viktig å vise at det enkle og kvardagslege
også er viktig kulturhistorisk kjeldemateriale. Strikkinga ligg i grenselandet mellom
det tradisjonelle og det moderne. Ein finn levningar frå sjølvbergingshushaldet i
eldre tid blanda med moderne fritidsforståing og skifte i trendar.
Kontaktperson ved Hordamuseet: Espen Kutschera, tlf. 55 11 29 07, espen.kutschera@horda.museum.no.
Hordamuseet vil samarbeide med Historieverkstaden om fleire av tiltaka på museet i samband med Strikk7.
|