Handarbeidstreffa
Handarbeidstreffa vert haldne første onsdag i kvar månad bortsett frå midt på sommaren. Treffa starta opp i 1995 og har vakse frå 8-10 deltakarar til mellom 20 og 30. Mønster og teknikkar, sosialt samver og impulsar utanfrå er bærebjelken, og mange sider ved handarbeid vert tekne opp. Dei fleste har likevel eit spøt med seg…