VANDRING
Det er den tradisjonelle strikketeknikken kunstnaren Samira Jamouchi bruker i installasjonen Vandring, sjølv om ho aldri har strikka etter oppskrifter eller strikka vanlege plagg. Strikkepinnane har ho laga sjølve av kosteskaft i tre. Ho strikker i materialet ull som er kvitt, lyst og mørk brun og svart.
Til saman er dei strikka elementa fem meter høge. Installasjonen strekker seg frå gulvet til taket, og desse organiske skapningane er enten plasserte aleine eller i grupper. Nokre erobrer rommet, mens andre står i eit hjørne. Atter andre er bøygde og ser ut til å falla saman, mens andre igjen er rakrygga og står støtt oppreiste. Elementa strekker seg mot noko anna, mot det som blir rekna som betre, mot ei anna verd.
Installasjonen gjer oss assosiasjonar til fundamentale problemstillingar i dagens globale verd. Samstundes kan ein samanlikna med kva for ein situasjon Norge var i for 150 år sidan då ein tredjedel av befolkninga vandra til Amerika. Eit sentralt tema i Vandring er altså å peika på kulturelle og sosiopolitiske problemstillingar i dag. Slik ønskjer kunstnaren å invitera til ein refleksjon om dei strategiane menneska bruker for å finna sin plass, og ikkje minst, for å finna seg sjølve.
