| |
Kva skjer med eit tradisjonelt handverk når lyst og vilje, ikkje naud og moral, leier ann?
Mål:
Strikking på dagsordenen!
Kvifor:
Fagfeltet strikking har eit stort, unytta potensiale for forsking, formidling, kunst og næring.
• Kunnskap og offentleg merksemd kan gje feltet auka status
• Strikking er eit godt døme på samanhengen: endringsvilje – > kreativitet – > tilpassing – > bærekraftig utvikling
• Det sosialt samlande kring strikking er meiningsfullt ut over det reint strikkefaglege.
• Strikking er eit universelt språk:
• strikking er sosialiseringskanal på ein fleirkulturell møtestad
• strikking er kultur- og tradisjonsformidling
• strikking er kunst- og designformidling
• strikking kan vere næringsutvikling
• strikking kan vere helse-, medisin og informasjonsformidling.
Kven er med:
Sentrale institusjonar innan museum, utdanning, næring, helse og forskingsfeltet på Vestlandet. Her er fagfelt som tradisjonelt samarbeider, som kunst- og kulturhistoriske museum og utdanningsinstitusjonar, og nye samarbeidspartnarar innan næring og industri, samt helse- og sosialvesen.
|
|